KOKO – Komponistanes konsertserie

EVENT INFORMATION

Det er klart for haustens utgåve av KOKO – Komponistanes konsertserie.

På KOKO får du oppleve ny musikk, snodige påfunn og god stemning. Eventuelt skremmande stemning, rar stemning, dramatisk stemning eller ultra-absurd stemning. Kanskje til og med nokre nye mesterverk? Det er ikkje godt å seie kva som dukkar opp. Det blir i alle fall musikk av Musikkhøgskolens høgst levande og aktuelle komponistar.


Program:

  • Thorvald Bugge Helle: "Slør"
  • Sondre Yeheng Chun Paulsen: "Lekser første sats"
  • Magnus Hexeberg: "3 korte stykker for masse trompet og piano"
  • Niklas Lindberg: "No Title (No Filter) I-IIB"
  • Mina Restad Havsjømoen: "Tango for gitar og bratsj"
  • Maia Viken: "(det tok en stund) nå er det her"


Restrictions

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.