Semifinale Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse 2021

EVENT INFORMATION

Vi er stolte av å presentere tolv songarar frå åtte nasjonar. Følg live-straumen direkte frå Lindemansalen – eller på konkurransen sin YouTube-kanal.

For å imøtekome reiserestriksjonane i Noreg og andre delar av verda, avheld vi årets semifinale digitalt. Tolv strålande songarar frå åtte nasjonar framfører operaariar og liedar saman med eigen pianist. Songarane oppheld seg i lokalar dei sjølv har valt, spreidde rundt i verda innan seks tidssonar.

I ei meir normal verd skulle semifinalen ha vore avhalden i Lindemansalen ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Sidan det ikkje lar seg gjere, kompenserer vi med å invitere publikum til Lindemansalen, der vi viser direktesendinga av semifinalen på storskjerm. Under pausane og etter songarane sine framføringar inviterer vi ulike representantar frå bransjen til å delta i panelsamtalar om musikk og opera.

Vi ønsker alle hjarteleg velkommen til å følge den direktesende, digitale semifinalen i årets konkurranse, frå Lindemansalen eller der du er. Songaranes framføringar skjer mellom kl. 15.00 og 20.00. Direktesendinga av framføringane og paneldiskusjonane blir strøymde direkte til konkurransen sin YouTube-kanal.

Ein internasjonal jury vel seks songarar som går vidare til finalekonserten i Bergen 20. november.

Annonsering av finalistane skjer ca. kl. 21.00.

Program:

14.30: Velkommen til DSIM semifinale 2021

  • Einar Solbu (styreleiar)
  • Lars Flaeten (direktør)
  • Ane Wadd-Oseth (prosjektleiar)

Partnarar:

  • Anna Elisabet Einarsson (dekan, Operahøgskolen, KHiO)
  • Astrid Kvalbein (rektor, NMH)

Videopresentasjonar:

  • Jurymedlemar
  • Semifinalistar 1–4

15.00–16.20: Deltakarar 1–4 (livestraum)

  • Dashuai Chen
  • Badral Chuluunbaatar
  • Valentina Pluzhnikova
  • Maria Motolygina

16.20–17.00: Møt panelet

Panelet vel semifinalistar til opera- og konsertoppdrag i Noreg:

  • Espen Langvik (operasjef, Arktisk filharmoni)
  • Kari Standal Pavelich (operadirektør, Opera Nordfjord)
  • Britt Westavik (produksjonsleiar, Operaen i Kristiansund)
  • Eivind Gullberg Jensen (kunstnarleg leiar, Bergen nasjonalopera)
  • Elizabeth Norberg-Schulz (operadirektør, Opera Rogaland)
  • Fredrik Akselberg (produksjonsleiar, Opera Østfold)

Kva er viktig for dagens unge songarar? Mary Miller (QSIMC styremedlem) i samtale med Lars Flaeten.

Videopresentasjonar:

  • Semifinalistar 5–8

17.00–18:05: Deltakarar 5–8 (livestraum)

  • Mercy Malieloa
  • Jorge Espino
  • Brent Smith
  • Inna Demenkova

18.05–18.30: Pause

Videopresentasjonar:

  • Semifinalistar 9–12

18.30–19.50: Deltakarar 9–12 (livestraum)

  • Lydia Hoen Tjore
  • Aryeh Nussbaum Cohen
  • Liv Redpath
  • Erika Baikoff

19.50: Pause

21:00: Annonsering av resultat (livestraum)

  • Birgitta Svendén (juryleiar)


FOTO Magnus Lindvik, Adrian Nielsen, Marius Nyheim Kristoffersen

Restrictions

Vi gjennomfører konsertane hausten 2021 etter gjeldande smittevernrestriksjonar. Det kan betyr redusert kapasitet og at publikum må hente ut billettar på forskot – også gratisbillettar. Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.