Lambert, Lambert! Lars Skoglund, kl.18:00

Arrangementsinformasjon

Kunststipendiat Lars Skoglund held avslutningskonsert med medmusikarar og eit heilt nytt verk.

I framsyninga «Lambert, Lambert!» møter vi Håkon, som har vore på bilferie saman med Ruth og besøkt Vera, som samlar på fotografi ho finn tilfeldig på gata. Håkon har reist heim for å vere med på ei teateroppsetjing om den historiske personen Lambert. Der møter vi også ein konfliktsky lystekniker og ein ambisiøs teaterkomponist.

Framsyninga er Lars Skoglund sitt avsluttande arbeid til hans kunstnarlege doktorgradsprosjekt The Theatre of Words Set to Music, der han forskar på forholdet mellom musikk og tekst, med tematikk frå kvardagen. Stykket blir spelt på norsk kl. 18.00 og 19.00.


Medverkande

  • Lars Skoglund (manuskript og musikk)
  • Ditte Marie Bræin (sopran)
  • Natali Ambrahamsen Garner (resitasjon)
  • Halvor Festervoll Melien (baryton)
  • Tormod Lindgren (scenografi og regi)

Restriksjoner

Vi gjennomfører konsertane hausten 2021 etter gjeldande smittevernrestriksjonar. Det betyr redusert kapasitet og at publikum må hente ut billettar på forskot – også gratisbillettar. Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.