Barnekonsertserien: Sigrid Gunnarsjaa og Minnie Einersen
Arrangementsinformasjon

Årets siste barnekonsert handlar om Veslemøy frå Haugtussa. Til våren blir det fleire barnekonsertar.
Konserten handlar om Veslemøy (med utgongspunkt i Haugtussa) som levde for hundre år sidan og er budeie, og kva ho driv med når ho passar dyra sine om sommaren. Så kjem vi til hausten og høyrer ein song til der, før vi kjem til jul, der vi avsluttar med to julesongar. Heile vegen er det forteljing og song litt annakvar gong.
Songane er på norsk, med to folketonar og elles klassiske songar av mellom anna Grieg og Grøndahl.
Restriksjoner
Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.