Det orkestrale klaveret, del 1

Arrangementsinformasjon

Kristian Lindberg presenterer resultatet av stipendiatprosjektet sitt «Det orkestrale klaveret» i ein konsert i to delar.


Program

Johann Sebastian Bach (1685–1750): Konsert i D-dur (etter Vivaldi)
J.S. Bach: Italiensk konsert i F-dur
Igor Stravinskij (1882–1971): Serenade i A-dur
Stravinskij: Tre satsar frå Petrusjka


Omtale

Kristian Lindberg har utforska klaverspel gjennom å imitere symfoniorkesteret, noko som kan kallast ein orkestral spelestil eller å spele orkestralt. Ein viktig del av prosjektet har òg vore kva pianisten kan lære av å studere andre instrumentfag, og korleis ein kan overføre det til klaveret. Lindberg vil dele nokre refleksjonar frå arbeidsprosessen, i tillegg til å formidle grunntrekka i forskingsprosjektet.