Ingar Zach – Den vibrerande tromma II

Arrangementsinformasjon

Slagverkar Ingar Zach inviterer lyttarane til å dykke ned i eit bad med vibrerande trommer. 

Ingar Zach sitt forskingsprosjekt «The Vibrating Drum» går gjennom ulike stadium. På denne konserten dykkar Zach ned i eit lydleg bad, med sine vibrerande høgtalarar på ei skarptromme, ein timpano og ei basstromme. Etter konserten kan publikum stille spørsmål om framsyninga og prosjektet.

Les meir om prosjektet her.


Restriksjoner

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.