Isa Holmgren

Arrangementsinformasjon

FOTO: Isa Holmgren


Folkesongar og dansar Isa Holmgren held masterkonsert med svensk og norsk folkemusikk. 

Isa Holmgren er ein vokalist og dansar som arbeider med tradisjonell svensk og norsk folkemusikk og improvisert musikk. Med sin bakgrunn frå folkemusikkscenen krinsar soloframsyningane rundt asymmetriske rytmar og melodiar i felemusikken frå grensetraktene mellom Sverige og Norge. Musikken framhevar stemma, og tar utgangspunkt i lyden og det karakteristiske i felespelet og ei grundig utforsking av vokaltradisjonen. Isa gav ut plata «Efter Eda» i 2019. Ho samarbeider óg med grupper som Staerna og The Aerialists. Holmgren har ein bachelorgrad frå Högskolan for musik och drama i Göteborg og går no på master i folkemusikk på Norges musikkhøgskole.

  

Restriksjoner

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.