Musikkhøgskolens blåkvalstorband - Opningskonsert Serendip 2019

Arrangementsinformasjon

Omtale

Storbandet si kjernebesetning blir utvida til bristepunktet og vi klinkar til med perkusjonsinstrument frå kjellardjupet, fløyter, horn, cimbasso, og ikkje minst Steffen Schorn på tubax. Musikken denne kvelden er laga av jazzkomposisjonsstudentane, og vi får også høyre musikk av Steffen Schorn. Hans studiekamerat frå studietida i Køln, Eckhard Baur, er kveldens dirigent.

For to sesongar tilbake fikk vi høyre Mammutstorbandet, i førre sesong voksa det til Mastodontstorband. No har bandet vokst igjen og i år får vi høyre: NMH Blåkvalstorband! At konserten finn stad på sjølvaste (k)valentinsdagen gjer dette til den perfekte date denne seinvinterkvelden.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billetter refunderes ikke.