Musikkhøgskolens symfoniorkester

Arrangementsinformasjon

FOTO: Karina Ayguavives Krokaa 


Musikkhøgskolen sitt symfoniorkester speler norsk musikk, av Halvorsen, Valen og Buene. 

Halvorsen sin symfoni nr. 2 går under namnet «Fatum», og er ein fargerik symfoni med nasjonalromantisk uttrykk og kraft. Valen sitt verk «Kirkegården ved havet» er eit altfor sjeldan spelt orkesterverk. Vi får også eit spennande møte med komponisten Eivind Buene sin fiolinkonsert, med professor Peter Herresthal som solist. Konserten blir dirigert av Bjarte Engeseth.


Program

  • Fartein Valen (1887–1952): Kirkegården ved havet
  • Eivind Buene (1973–): Fiolinkonsert
  • Johan Halvorsen (1864–1935): Symfoni nr. 2 i d-moll, «Fatum»

 

Medverkande

  • Musikkhøgskolens symfoniorkester
  • Bjarte Engeset (dirigent)
  • Peter Herresthal (fiolin)

 

Restriksjoner

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.