Oslo kulturnatt på NMH: Open prøve med Christiania Blåseensemble

Arrangementsinformasjon

FOTO Ragnhild Benedikte Myrbakk


Vi er sjølvsagt med på Oslo kulturnatt, og vårt eige Christiania Blåseensemble inviterer til open prøve. 

Eit av Noregs fremste janitsjarkorps ønsker gjennom eit variert og spennande repertoar å vise fram at god korpsmusikk er mykje meir enn marsjar på 17. mai.

På denne prøven får publikum høyre utdrag frå verk som kan få fram både tårer, latter og sinne. Samtidig vil publikum òg få ei unik moglegheit til å oppleve korleis eit korps på høgt nivå jobbar under innøving.

Medverkande

  • Nils Erik Måseidvåg (dirigent)
  • Studentar ved Norges musikkhøgskole


Restriksjoner

Vi gjennomfører konsertane hausten 2021 etter gjeldande smittevernrestriksjonar. Det betyr redusert kapasitet og at publikum må hente ut billettar på forskot – også gratisbillettar. Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.