Sol Léna-Schroll & Clément Merienne

Arrangementsinformasjon

FOTO Hou Seen, Jess Withman, Maxim Francois og Maxime de Bollivier 


Sol Léna-Schroll og Clément Merienne er initiativtakarane til dette prosjektet. Djupt inspirerte av musikken til Benoît Delbecq, Eve Risser og Christian Wallumrød, er musikken deira ei blanding av improvisasjon og komposisjon, av samansurra rytmar og dronar, som gir lyttaren ei kjensle av å gå inn i ei urovekkande, men likevel merkeleg kjend lydverd.

I dette nye prosjektet blandar dei akustisk og elektronisk musikk gjennom ein modulær synthesizer og preparert piano, forsterka med trompet og bass-synth. Musikken dreier seg om rytmiske syklusar – som strukturar, harmoniar og lyd kjem utifrå. Med denne målsetjinga har dei fått med dei franske musikarane Emilian Ducret (trommer) og Hector Léna-Schroll (trompet). Alle fire deler den same tilnærminga til improvisasjon og komposisjon, og haldninga til fridom og lausriving i kompleks rytmisk musikk.


Medverkande

  • Sol Léna Schroll (saksofon)
  • Clément Merienne (piano)
  • Emilian Ducret (trommer)
  • Hector Léna-Schroll (trompet)


Restriksjoner

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.