Stop Speaking

Arrangementsinformasjon

Slagverkar Simen Brenden speler masterkonsert samen med medmusikarar.


Bob: "I can can I I everything else"

Alice: "Balls have zero to me to me to me to me to me to me to me to me to"


Denne samtalen mellom to Facebook-chatbotar, skapte for å trene seg opp til å forhandle om varer med kvarandre, førte etter kvart til at menneska måtte skru dei av. Den lærande naturen i den kunstige intelligensen deira, gjorde det mogleg for chatbotane å effektivisere kommunikasjonen og forhandle på eit språk bare dei kunne forstå.

«Stop Speaking» er ein konsert eller ei framsyning der kunstig intelligens er tema, både i musikk og samtale. Ein samtale om teknologisk utvikling og korleis kunstig intelligens både fungerer og brukast i dag, gir oss kanskje eit grunnlag for å spå framtida. Vi inviterer i alle fall til tankespinn – med slagverk og elektronikk som musikalsk underlag.


Medverkande

  • Simen Brenden (masterstudent, klassisk slagverk) med gjestar

 

Restriksjoner

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.