Tenorissimo

Arrangementsinformasjon

Hjarteleg velkommen til prof. Barbro Marklund sin tredje releasekonsert i bokserien «Arias for Young Voices».


Denne gongen skal scenen boble av liv gjennom unge lovande tenorar frå NMH, USA og det norske frilansfeltet. Konserten er ein presentasjon av eit pedagogisk og møysommeleg arbeid som leia fram til 30 utvalde audition-ariar for tenorar, 10 kyrkjeariar og 20 operaariar, derav publikum får bli kjende med eit utval gjennom 300 år og mange forskjellige språk og stilar. Forfattaren sjølv er konferansier og fortel om verka og prosessen med humor og glimt i auget. Nokre herlege talarar vil også krydre evenementet.

Medverkande

  • Gunnar Flagstad (klaver)

Tenorar

  • Andrius Bartkus
  • Edvard Adde
  • Eivind Kandal
  • Henrik Sam Eyde
  • Håkon Rodvelt Anvik
  • Mads Wighus
  • Magnus Olesønn Løvlie
  • Olav Leden Nytrøen
  • Sebastian Eraker Juul
  • Tad Davidson

Restriksjoner

Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.