Love songs for Afghanistan

Tickets Not Available

Billetter er dessverre ikke tilgjengelig i våre systemer. Dette kan skyldes at arrangøren benytter en annen billettleverandør eller at arrangementet er utsolgt.

Arrangementsinformasjon

Love songs for Afghanistan – ein kveld med songar om kjærleik i solidaritet med musikarar, musikkpedagogar og musikkelevar i Afghanistan, og Afghanistan National Institute of Music.

Norges musikkhøgskole inviterer til ein kveld med songar om kjærleik i solidaritet med musikarar, musikkpedagogar og musikkelevar i Afghanistan. Slik ønskjer studentar og tilsette å stå opp for kunstnarleg fridom og fred.

Opp gjennom historia har menneska uttrykt håp og heva stemma mot politisk omvelting, konfliktar og undertrykking gjennom musikk og kunst. Derfor kan kunstnarar vere spesielt utsette for vald og brot på menneskerettar. Det er alt kome rapportar frå Afghanistan om musikarar som brenn instrumenta sine – ikkje i frykt for levebrødet, men for livet.

Vi vil gi særleg merksemd til Afghanistan National Institute of Music (ANIM). Musikkskolen er den einaste i landet og blei etablert i 2010 av Dr. Ahmad Naser Sarmast. ANIM er dedikert til å sikre afghanske barn retten til musikk, til å fremje musikalsk mangfald i landet, og byggje ned kulturelle, etniske, religiøse og kjønnsbaserte barrierar. ANIM er kjent for orkesteret Zohra (oppkalt etter den persiske gudinna for musikk), etablert i 2014 som eit orkester berre for jenter og kvinner i alderen 13 til 20 år. Zohra er blitt eit symbol for ei utvikling mot større fridom for jenter. Gjennom musikkopplæring får afghanske barn og unge sjansen til å utvikle kulturell identitet, sosial tilhørsle, meistring og oppleving av menneskeverd, i eit land der unge menneske ikkje kan ta dette for gitt.

Vi er urolege over vilkåra for ANIM sitt viktige arbeid under dei noverande forholda i Afghanistan. Etter initiativ frå the Queensland Conservatorium, Griffith University Australia og saman med fleire institusjonar ute i verda, vil Norges musikkhøgskole vise støtte til afghanske musikarar og til den viktige musikkpedagogiske institusjonen ANIM. Gjennom å bringe saman studentar, lærarar og eksterne gjester, sender vi Afghanistan ein bodskap om fred, medkjensle, mot og framfor alt – kjærleik.

Medverkande

  • Studentar og lærarar frå Musikkhøgskolen
  • Eksterne gjester
  • Æresgjest: Samina Ansari


FOTO: ANIM

Restriksjoner

Vi gjennomfører konsertane hausten 2021 etter gjeldande smittevernrestriksjonar. Det kan bety redusert kapasitet og at publikum må hente ut billettar på forskot – også gratisbillettar. Møt opp minst 10 minutt før konsertstart – gratisbillettar som ikkje er benytta, kan bli gitt vidare til anna publikum.

Organizer
Norges musikkhøgskole